Kampen om tungtvannet

Historia om motstandsrørsla som ville hindre tyskarane i å lage ei atombombe under andre verdskrig er ei av dei mest kjente i norsk krigshistorie. Ho har blitt filmatisert før både på norsk i 1948 og på engelsk i 1965 som The Heroes of Telemark.

Det handlar om eit anlegg i Rjukan som kan produsere tungvatn. Om dette vatnet når fram til tyske forskarar i Tyskland, så vil dei kunne få fart på arbeidet med å lage ei atombombe. Det er dette ei gruppe som kallar seg Kompani Linge vil hindre. Historia går ut på at dei tok seg fram til anlegget og sprengte det i 1943. Og at dei også måtte hindre ei forsyning av tungtvatn som var på veg.

Serien er godt laga. Og den gode historia i botn er viktig. Det er ein produksjon av stor skala. Me får godt overblikk over området, utfordringane og risikoen deltakarane utset seg for. Utendørsscenene er realistiske, og skodespelet er ypparleg. Serien er både tilgjengeleg i tilnærminga si, men også opptatt av å formidle viktige detaljar for å vere ein historieleksjon.

Ein serie av denne storleiken er sjeldan kost i norsk samanheng. Eg kan ikkje anna enn å anbefale han.

Kampen om tungtvannet 2015 plakat - Filmdagbok