Kareshi kanojo no jijou

Serie · 1998–1999 · · 13. mars 2005
2/5

Eg angrar på at eg kjøpte denne på DVD, og serien vil nok snart forsvinne frå hylla mi igjen. Eg kunne ha brukt pengane på noko mykje betre, men slikt kan skje når eg stolar blindt på brukaroppslutning.

Historia er i og for seg like grei som mykje anna eg har sett, men problemet ligg i at dette går så seint framover. Hadde dei pressa serien ned til 10 episodar kunne eg kanskje ha sett på det med blidare auge. Animasjonen er heller ikkje særleg pen å sjå på, og mykje av tida blir brukt på stillbilde, rett og slett. Teiknestilen er av den enkle typen, så er du fan av dataanimasjon skjult som gode teikningar, så ser du i feil retning.

Tilbakeblikk er det også altfor mange av. Og minst fem minuttar av kvar episode er reprise, opningssekvens og avsluttingssekvens. To eller tre av dei 26 episodane er episodar der over halvparten av tida er tilbakeblikk. Så mitt forslag til deg er: Bruk gjerne tida på noko anna, og ikkje minst pengane.

Serien heiter His and Her Circumstances på engelsk.

Kareshi kanojo no jijou 1998-1999 plakat - Filmdagbok