Kate & Leopold

Film / 2001
3/5

Kate & Leopold er ein romantisk komedie frå 2001 med Meg Ryan og Hugh Jackman, som blander fantasielement inn for å få sin eigen vri på historia.

Naboen og ekskjærasten til Kate (Meg Ryan) har funnet ein anomali som er ein portal i tid mellom 1876 og 2001. Ufrivillig med seg tilbake frå ein tur dit har han Leopold (Hugh Jackman).

Leopold og Kate som personar går ikkje umiddelbart i lag. Og Leopold har også små tilpassingsproblem, samtidig som han har eit reflektert, danna og roleg syn på livet. Det utviklar seg etter kvart ein kjemi mellom desse to karakterane.

Kate & Leopold er solid, og to timar er ikkje for lenge. Tid er eit interessant konsept på film, og det er ingen unntak her. Det endar ikkje opp som noko nytt eller fantastisk, men det forventar eg heller ikkje.

Kate & Leopold 2001 plakat - Filmdagbok