Katy Perry: Part of Me

Film · 2012 · · 7. september 2012
3/5

Katy Perry: Part of Me er ei blanding av konsert- og dokumentarfilm. Me følger Katy Perry på hennar California Dreams World-verdsturne, i samband med albumet Teenage Dream.

Det er mykje musikk, og sidan eg likar Katy Perry så er dette festlig. Ho har eit fargerikt og varierande konsertshow. Innslaga frå bak kulissene handlar om hennar personlege tilvære og utfordringar, spesielt med tanke på hennar litt vanskelege kjærleiksliv på den tida.

Det går ikkje for djupt, og er mest gode innslag for å bygge opp rundt korleis det er å lage eit omfattande show på ein verdsturne.

Konserter er ikkje nødvendigvis den største greia for meg, og det pregar nok min oppleving av Katy Perry: Part of Me i lengda. Ein og ein halv time er litt for lenge å sitte samanhengande å sjå ein konsert på film. Eg er større fan av å lytte til eit studioalbum.

Katy Perry: Part of Me 2012 plakat - Filmdagbok