Katy Perry: The Prismatic World Tour

Film · 2015 · · 12. september 2015
3/5

Katy Perry: The Prismatic World Tour er en konsertfilm frå verdsturnéen til Katy Perry. Konserten i filmen er frå Sydney i Australia, og er eit fargerikt show med ein del musikk frå Prism-albumet, og innslag frå tidlegare.

Det er ikkje stort å sei om ein konsertfilm. For dei som likar Katy Perry er dette stort sett bra, med fleire høgdepunkt undervegs. Men det er også enkelte langdryge stunder innimellom. Ettersom eg var på Oslo-konserten i mars var det artig å gjenoppleve eit identisk show på film, der det faktisk gjekk an å sjå kva som skjedde på scena. Det var vanskeleg i Oslo.

Alt i alt har eg meir sans for musikken enn showet, og likar heller albumversjonane enn live. Men med deler av showet klarar Katy Perry fint å engasjere, så totalen blir ei smått overraskande positiv oppleving. Trass i ei positiv innstilling i utgangspunktet.

IMDb-logo
Katy Perry: The Prismatic World Tour 2015 plakat - Filmdagbok