Kaubôi bibappu

Serie · 1998–1999 · · 21. mai 2016
3/5

Kaubôi bibappu er den første animeserien eg har sett på lenge. Serien heiter Cowboy Bebop på engelsk. Mi erfaring med animeseriar frå over ti år tilbake, er at det er mange gode idear, men dessverre ein del dårlege gjennomføringar.

Skepsisen for å byrje på noko som potensielt blir kjedeleg halvveges i serien, har altså vore til stades. Men Kaubôi bibappu er sett på for å vere ein god serie. Det og at eg nyleg kom til å tenke på filmen Cowboy Bebop: Tengoku no tobira som eg såg i 2004, fekk meg til å sette i gang med denne serien.

Det handlar om ei gruppe dusørjegerar. Året er 2071 og deler av verdsrommet er kolonisert. Serien spelar på ei sjangerblanding av western og science fiction, ikkje ulikt Firefly, men her med større vekt på science fiction-delen.

Dei me følger er dyktige, men også uheldige. I løpet av serien søker dei ulike personar for dusørar, og ofte med ein vri. Eksempelvis blir deira forhistorie blanda inn i blant, noko som avdekker interessante koplingar undervegs.

Musikken er mykje av sjarmen med Kaubôi bibappu. Jazz, munnspel og blues er blant innslaga som i høg grad er med på å sette stemninga.

På mange måtar er dette ein fullkommen serie. Kor det som trekk ned er ein og annan kjedeleg og meiningslaus episode. No er mange av episodane ulike og uføreseielege, så det at nokon er kjedelegare enn andre verkar heilt tilfeldig. I motsetning til andre animeseriarr eg har sett kor enkelte episodar er fyllepisodar som slepp historiearken til serien fullstendig.

Det er vanskeleg å rangere denne serien, og på ein god dag hadde eg kunne la tvilen komme tilgode. Men eg vel altså å legge meg på ein trygg 3/5 fordi serien godt kunne appellert meir til kjenslene og unngått dei kjedelegaste episodane.

Kaubôi bibappu 1998-1999 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Kôichi YamaderaUnshô IshizukaSteve Blum (VII)Vis alle

Sjangrar

Land