Kaze no tani no Naushika

Film · 1984 · · 5. februar 2008
5/5

Sjølv om ikkje alle Studio Ghibli-filmane imponerer går eg til dei usette med forventingar. Kaze no tani no Naushika, eller Nausicaä of the Valley of the Wind, er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå. Til stor glede innfridde han. Animasjonen flyt ikkje som i produksjonane som kjem i dag, men er upåklageleg storarta og detaljert.

Universet som handlinga går føre seg i er eventyrleg og tok tak i meg frå første stund. Samtidig ligg det alvor i botnen av eventyret. Verda er trua av massiv forureining og naturen har reagert. Det store spørsmålet er korleis menneska skal oppføre seg med tanke på desse reaksjonane.

I hovudrolla finn me den unge prinsessa i dalen til vindane, Nausicaä, ei tøff jente og meister til å navigere eit kryssingsfartøy av seglfly og hangglider. Mykje action kan forventast i både lufta og på bakken. Filmen handlar om krig mellom menneske og mellom menneske og kjempeinsekt som erobrar stadig meir land.

Behandla frå ståstaden til den unge jenta tar verken alvoret skade av eit barnleg sinn, heller den meir leikne tonen av alvoret, men som dei beste Studio Ghibli-filmane gjer det, godt balansert, spennande, imponerande.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Kaze no tani no Naushika 1984 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sumi ShimamotoMahito TsujimuraHisako KyôdaVis alle

Land