Keith

Film · 2008 · · 15. august 2015
3/5

Keith (Jesse McCartney) dør på slutten i Keith. Før me kjem så langt har Natalie (Elisabeth Harnois) endeleg blitt forelska i han, etter at me i store deler av filmen har lurt på om det vil skje. Årsaka til døden er kreft, noko han held skjult for Natalie mens han prøver å vinne ho over. Og noko me ikkje får vite sjølv før mot slutten.

Forvandlinga til Natalie, eller avdekkinga av ein fin personlegdom, er det beste med Keith. Det er i grunn synd at filmen etter ei lang og fin oppbygging brukar kreft som den store overraskinga. Eg synst det er oppbrukt i denne samanhengen, men ser ikkje bort frå at det er fordi eg har sett nok filmar som prøver å overraske på same måte.

Eg likte Keith. Sjølv om intensjonen her var å avsløre, var han ikkje utelukkande å kritisere på det grunnlaget. I fleire ungdomsdrama, romantisk drama og filmar generelt er det ikkje kva som skjer som nødvendigvis er viktig. Her er det karakteren Natalie, samspelet mellom Elisabeth Harnois og Jesse McCartney, og emna filmen har til å spele på sterke kjensler undervegs som gjer at eg likte det.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Keith 2008 plakat - Filmdagbok