Ke$ha: My Crazy Beautiful Life

Eg har sansen for den fartstfylte og uunnskyldande popmusikken til Kesha. Til den grad at eg sette i gang med MTV-serien om kvinna, utan dei store vonene. Det meste eg håpa på var at serien var krydra med musikken til Kesha, og det var han.

Det handlar både om hennar private og offentlege liv. I løpet av to sesongar blir me med ho rundt i form av opptak som i stor grad er gjort av hennar bror.

Det er i hovudsak overflatisk eller lite interessant. Og alt er sett saman i typisk MTV-stil, med vekt på form og ikkje innhald. Men så er det litt musikk innimellom, og det er nok til å få meg gjennom dei relativt få episodane.

Serien er ikkje offisielt avslutta. To sesongar har gått og eg ventar på stadfesting om serien har ei framtid. Inntil da står dette som mine ord om serien. Skulle eg endra meining om totalen, vil dette innlegget bli oppdatert.

Ke$ha: My Crazy Beautiful Life 2013 plakat - Filmdagbok