Key Largo

Film · 1948 · · 11. juni 2007
3/5

På veg til ny by i Key Largo tar Frank McCloud (Humphrey Bogart) turen innom familien til ein død venn. Ein storm er på veg og Frank blir verande på familien sitt hotell. Nokon skumle gjester likar ikkje nysgjerrige Frank.

Etter kvar blir det stormfullt både inne som ute, utan at eg vil røpe meir. Det pressande veret speglar seg på dei involverte, som blir lagt under press i posisjonen dei opptek etter kvart. Sjølv om eg godt likte ideen, skodespelarane og miljøet til filmen, blei dette langdryge og litt slapt i lengda. Det blei for mykje venting utan det heilt store presset.

Key Largo 1948 plakat - Filmdagbok