Khraniteli

Serie · 1991 · · 28. april 2021
1/5

Nyleg så kom eg over ei nyheit om at ein 30 år gammal russisk versjon av The Lord of the Rings var funne (The Guardian). Dette var første gong eg hadde høyrt om at dette fanst, og det var til stor glede at produksjonen som er ein miniserie på to episodar, var blitt lagt på YouTube med engelsk teksting.

I saken til The Guardian står det også at ein russisk balletversjon av The Hobbit frå 1985 finst, og at eit seks minuttar langt segement frå ein annan uferdig russisk The Hobbit-versjon frå 1991 går an å sjå.

Slike dykk inn i ukjente filmatiske territorium opplevde eg meir av som yngre. Filmar laga for tv knytt til Star Wars-universet var kanskje noko av det første eg oppdaga. Og med Khraniteli har eg fått oppleve det same på nytt. Men det må bli sagt, at oppleving er ikkje synonymt med oppleving av ein god produksjon.

For Khraniteli er dårlege greier. Det er eit virrvarr av elendig teknisk produsert film, med usamanhengande, forhasta og uklare deler av historien til første bok i The Lord of the Rings-trilogien. Bildekvaliteten kan vere grei i blant, men det er tilfeldig. For filminga er elendig, utviska, ustabil og verre enn det meste av amatørfilm eg har sett. Lydmiksen er som natt og dag, så her skulle eg tru at mikrofonen blei styrt av ein full mann.

Sidan eg har sånn passe god kjennskap til historia frå før, så var det litt lettare å følgje med på framgangen i forteljinga til denne miniserien. I seg sjølv så hang ikkje så mykje på greip, men ved å samanlikne med filmane til Peter Jackson, så klarte eg å få litt ut av det i det minste.

Men trass i elendig kvalitet, så er det interessant å sjå dette. Utbyte er ikkje nesten to timar med god film, men eit innblikk i kor forskjellig ei tolking av The Lord of the Rings kan bli. Og kor dårleg ein tv-produksjon frå 1991 kan bli. Dette verkar som ei skikkeleg lågbudsjettsgreie frå minste tre–fire tiår lengre tilbake i tid, men det kom berre ti år før Peter Jackson-filmane. Det er utruleg.

Så er det bruken av effektar. Kanskje i eit forsøk på å dekke over pengemangel, så har det iallfall ikkje stått på mangel på kreativitet. Bruken av ein form for utklipt film lagt oppå andre bilder er stor, som ein billigvariant av grøn skjerm. Det ser ikkje ut. Gjenbruk av foto er stor. Ustødig kamera fyller speletida, og får det til å vere som filmskaparane har gått på syre. Noko det ikkje står nokon stad at dei har gjort, men filmen gir rom for fantasien til å blomstre i det minste.

Khraniteli, som direkte oversett til engelsk betyr noko sånt som The Keepers, er basert på The Fellowship of the Ring av J. R. R. Tolkien. Det er ein film- eller serieadapsjon i utgongspunktet laga for tv, men står igjen i dag som noko berre spesielt interesserte bør finne på å sjå. For å sjå serien, gå til Khraniteli del 1 (YouTube) og Khraniteli del 2 (YouTube).

Les fleire meldingar på www.eyeforfilm.co.uk og www.newsweek.com.
Lik eller kommenter innhaldet på sosiale medier på twitter.com.
Khraniteli 1991 plakat - Filmdagbok