Kick-Ass

Film · 2010 · · 12. juli 2010
4/5

I gladvaldsfilmen Kick-Ass får me mykje action og komedie, og det ser vanvittig ut.

Dave Lizewski er ein high school-elev som ikkje gjer seg notert. Han er glad i teikneseriar og har få venner. Livet hans er heller ikkje spesielt vanskeleg. Så ein dag bestemmer han seg for å bli superhelt, trass i at han verken har krefter eller på nokon måte er trent.

Dette er pur underhaldning, og av den typen som gjer at eg gløymer litt den tynne historia. Det er den rette miksen av action og komedie, sprø karakterar og kurant karakterbygging. Eg er usikker på om eg sit igjen med så mykje, anna enn kjensla av å ha sett ein svært underhaldande film.

Les også ei melding på www.espeniversen.com (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Kick-Ass 2010 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land