Kickboxer

Film · 1989 · · 19. juli 2015
3/5

Kickboksing, Thailand og Muay Thai. Jean-Claude Van Damme er i sitt rette element i Kickboxer, kor handlinga handlar om å trene seg opp for å møte mannen som gjorde broren invalid.

Kurt (Jean-Claude Van Damme) har hittil berre trent med broren Eric (Dennis Alexio), som er meister i kickboksing i USA. Eric innbillar seg at han kan vinne over alle, men endar opp med å få juling og blir lam under ein kamp mot den brutale meisteren Tong Po (Michel Qissi) i Thailand. Etter dette vil Kurt hemne broren, og han må trene med den beste av dei beste.

Kickboxer er ein passe rett fram film. Ei fæl hending utløyser ei lyst til å slåst. Deretter er filmen stort sett ein treningsmontasje i klassisk Hongkong-film stil, med mykje og spesiell trening. Målet er alltid revansjekampen, som kjem på slutten.

Eg såg Bloodsport med Jean-Claude Van Damme tidlegare i år, og forventa ein enkel og komprimert film, utan avsporing, der kampsportkunnskapen til Jean-Claude Van Damme er det sentrale. Og det er nettopp det Kickboxer er. Jean-Claude Van Damme spelar også betre i denne filmen enn i Bloodsport, og historia rundt treninga sit betre.

Som ein ukomplisert slåstfilm var dette bra, med ein god flyt og ei passe lengde på ein og ein halv time. Det er eit stykke unna å vere blant det beste, men filmen ligg godt plassert på øvre halvdel av skalaen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Kickboxer 1989 plakat - Filmdagbok