Kicking & Screaming

I Kicking & Screaming gjer Will Ferrell det han kan best, spele ein karakter som til tider verkar som eit barn i ein vaksen kropp.

Heile livet har Phil levd i skuggen av sin sportslege og konkurrerande far. No når han sjølv har blitt far, ønsker han ikkje at sonen skal oppleve det same. Faren til Phil er trenar på fotballaget til gutungen, og set stadig sitt barnebarn på benken. Til slutt byter han bort guten til den dårlegaste klubben i ligaen.

Phil meiner dette i utgangspunktet er ei god løysing. Men tar nok vatn over hovudet då han ender opp med å bli trenaren til den dårlegaste klubben, og gjer ein seier over laget til faren til agendaen til klubben.

Dette er ein heilt grei komedie med ein god flyt, som Will Ferrell og Robert Duvall er med å løfte til noko meir enn et sjåverdig nivå. Sånn er det ofte er med filmane til Will Ferrell. Det er lite uventa som skjer, og humoren i seg sjølv er ikkje den mest oppfinnsame, men det er likevel morosamt og verdt tida. Sannsynlegvis gitt at du er fan av den humoristiske stilen til Will Ferrell.

Kicking & Screaming 2005 plakat - Filmdagbok

Dato

24. september 2016

Forfattar



Sjangrar

Land