Kid Auto Races at Venice

Kid Auto Races at Venice er oppført som Charles Chaplin si første krediterte filmrolle. Det er ein kort film på seks minuttar, der den kjente karakteren til Charles Chaplin, landstrykaren, gjer ei framferd.

Me er på ei billøpsbane, der ei gruppe kameramenn freistar å filma bilane, men landstrykaren går i vegen som den mest irriterande linselusa eg har sett.

Det startar litt uskyldig, men byggjer seg faktisk opp eit moment som gjer dette rett så underhaldande.

Kid Auto Races at Venice 1914 plakat - Filmdagbok