Kid Galahad

Mannen, myten og legenda Elvis Presley tar på seg boksehanskane i Kid Galahad. Som nyleg dimitterte Walter Gulick, og etter kvart under kallenamnet Galahad, gjer karakteren hans inntrykk i småbyen Cream Valley.

Det er ein kombinasjon av tilfeldigheiter og skjult talent som spelar ei rolle når Walter vel å bli boksar i vaksen alder. I tillegg til dette kan han synge, ordne med bilar og han har draget på damene.

Kid Galahad er mest romantikk og komedie, men med nok boksing til at det blir spenning også. Faktisk er ikkje boksesekvensane så aller verst, og er med på å bidra til ei totalt sett positiv oppleving.

Musikken har sin plass, men filmen er den type musikal som Elvis Presley spelte mest av utover 1960-talet. Her er songane færre og er berre små avbrekk i filmen. I eksempelvis Blue Hawaii og seinare Norman Taurog-regisserte filmar kunne det gjerne komme eit par songar på rad, og vere dobbelt så mange songar totalt.

Kid Galahad er ikkje den første Elvis Presley-filmen eg vil anbefale, men kan vere verdt å sjå dersom du vil få med deg dei gode.

Kid Galahad 1962 plakat - Filmdagbok