Killers

Film · 2010 · · 14. november 2016
2/5

Eg hadde ikkje store forventningar til Killers, men var innstilt på ein middels grei komedie om kva som helst. Med god tid føre meg og ei liste over usette komediar og tilsynelatande enkle komediar var Killers ein av fleire.

Trekkplasteret her er skodespelarane. Katherine Heigl med si skjønnheit og sjarm, og Ashton Kutcher med det same. Dei er ofte gode skodespelarar, men gjerne ikkje namn eg forbind med dei fleste seriøse rollene. Uansett skal det dyktigheit til for å spele godt også i ein film som Killers.

Dette handlar om ei kvinne og ein mann som møtes då ho er på tur til Nice i Frankrike. Dei blir forelska og blir fort eit par, men det ho ikkje veit er at han er ein agent med løyve til å drepe. Det blir heller ikkje noko problem før nokon år seinare, då fortida oppsøker han i deira forstadsliv i USA.

Det er ingen overraskingar med Killers, og det er heilt greitt. Det som er mindre greitt er at det ikkje er nokon kjemi mellom Katherine Heigl og Ashton Kutcher. Og at filmen er friksjonslaus på ein dårleg måte. Eg saknar fleire personlege konfliktar og litt lågare innslag av aksept. Altså eit team som både spelar på lag, men samtidig kranglar på ein meir truverdig måte undervegs.

Det er ikkje nødvendigvis den overordna historia som er viktig i ein film. I blant kan ein film ha den mest opplagte gangen, men samtidig vere så full av finurleg samhandling og detaljar at det blir storvegs underhaldning. Killers er ikkje der.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Killers 2010 plakat - Filmdagbok