King Creole

King Creole er ein god film på alle måtar. Elvis Presley sørger for ei karismatisk hovudrolle og flotte songnummer. Michael Curtiz har regissert og gjer ein god jobb i få den gode handlinga til å henge saman. Dersom Michael Curtiz er eit ukjent namn, så er det altså regissøren bak storfilmar som Casablanca, White Christmas og The Adventures of Robin Hood.

Handlinga i King Creole speler seg ut i New Orleans. Danny Fisher (Elvis Presley) er i ferd med å bli ferdig med high school, etter eit år på overtid. Faren (Dean Jagger) har aldri vore den same etter at mora til Danny døydde, og Danny og søstera Mimi (Jan Shepard) må arbeide for å ha pengar til mat og hus.

Utan å gå i detaljar vidare skal omstenda ha det til at Danny vil arbeide fulltid som songar, og den mektigaste gangsteren i byen Maxie Fields (Walter Matthau) gjer livet vanskeleg for han.

Filmen har godt driv og fyller to timar godt. Det er utvikling i historia. Det er tydelege og lettgjenkjennelege karakterar som dukkar opp, og ingen er unødvendige. Det avgrensa miljøet til filmen til ein liten del av New Orleans framstår både som eit godt oppbygd filmsett, med sine krinklar og krokar. Ettersom fargerike og yrande New Orleans likevel kjem ut av det, og det er som å vere ute og inne på ein gong, så får eg ei positiv oppleving av det halvekte.

Elvis Presley skal ha sagt at King Creole var hans favorittfilm blant dei 31 spelefilmane han spelte i. Og det er lett å vere einig i at dette er ein god film. For i tillegg til å vere eit godt verktøy for Elvis Presley å framføre musikken sin, så er det ei god og passe dramatisk historie som utfolda seg i tillegg.

King Creole 1958 plakat - Filmdagbok