King Kong

Altfor lang, altfor mykje bråk. Eg blei rett og slett trøytt av filmen etter ei stund. Det som var meint å vere trist, var ikkje trist, og det som var meint å vere morosamt, var ikkje morosamt.

Sjølve filmproduksjonen er i og for seg ikkje så dum. Det osar av kvalitet i kulisser laga med blåskjerm og dataanimasjon. Men lat deg ikkje blinde av namnet Peter Jackson, for dette kan ikkje målast med The Lord of the Rings-filmane.

For å vere litt snill her. Skodespelarane fortener skryt. Eg har sansen for Naomi Watts, ho er ei sann filmstjerne, men får ikkje responsen ho fortener frå den store apekatten, som eigentleg ikkje er der. Så deira samspel framstår ikkje som ekte nok.

Jack Black gjer det han kan, nemleg å bruke mykje kroppsspråk og mange ansiktsuttrykk i si tolking av karakteren Carl Denham.

Adrien Brody er her, men eg legg ikkje så mykje merke til han. Kjærleikshistoria mellom rollefiguren hans Jack Driscoll og Ann Darrow (Naomi Watts) hamnar i skuggen av mykje anna.

Colin Hanks kan også spele, men filmen hadde klart seg utan rolla han spelar. Er han meint å vere fornufta som held Mr. Denham tilbake? Eg klarar ikkje å plassere han i handlinga.

Om Andy Serkis har eg berre eit spørsmål: Kva har han å gjere her?

King Kong 2005 plakat - Filmdagbok

Dato

18. desember 2005

Forfattar


Skodespel

Naomi WattsJack Black (I)Adrien BrodyVis alle