Kissin' Cousins

Film · 1964 · · 26. mars 2014
3/5

I Kissin' Cousins gjorde Elvis Presley si første dobbeltrolle, som dei fjerne slektningane Josh Morgan og Jodie Tatum. Filmen handlar om at det amerikanske militære ønsker å få tilgang til ein fjelltopp, for å kunne bygge ein rakettbase. Hinderet er familien Tatum som eig fjelltoppen, og som nektar å ha noko med militære eller staten å gjere.

Inn kjem løytnant Josh Morgan, som er i frå området nær fjelltoppen, og som er fjern slektning med familien Tatum. Han får ordren om å få ein leigeavtale med Tatum i boks, og må ty til mange ukonvensjonelle forsøk i militær samanheng for å få det til.

Filmen opnar med den snodige tittelsongen Kissin' Cousins. Direkte oversett handlar songen om å kysse sine søskenbarn, fordi det er det søskenbarn er til for. Og om ikkje dette var ei opning å vakne til, så veit ikkje eg. Realiteten i filmen var langt mindre dristig, men Kissin' Cousins er vill nok på andre måtar. Kåte kvinner i flokk er ein ting, og Elvis Presley som syng om One Boy, Two Little Girls mens han går han i hand med sine fjerne slektningar som er søstrer er ein annan ting.

Eg får filmen til å høyre drygare ut enn han er. For bortsett frå at skjønnheiter som Yvonne Craig fyller ruta – kjent som Batgirl i serien Batman frå 1966 – er ikkje dette den aller verste middelmåtige komedien med eit kurant lydspor.

Kissin' Cousins 1964 plakat - Filmdagbok