Kjærlighetens kjøtere

Film · 1995 · · 14. september 2008
4/5

Henrik Larsen (Gard B. Eidsvold) reiser etter eit mislykka frieri frå varme Oslo til kalde Grønland der han skal drive jakt for eit fangstkompani. I lag med to andre skal han halde til på eit isolert område i eit år.

Folka han møter er som staden kalde ytterpunkt i samfunnet, Randbæk, Stellan Skarsgård i ei av hans beste roller og Holm, Bjørn Sundquist, er like ulike frå kvarandre som frå Larsen, men i den ugjestmilde naturen er dei alle avhengig av kvarandre.

Kjærleikens kjøtere er ei brutal psykologisk og fysisk historie, der natur og kultur ligg på frysepunktet og avstanden til galskap store delar av filmen ligg og vippar på null. Nokon lyspunkt gir håp utover og ei tydeleg karakterutvikling, først og fremst med Larsen, gjer at eg aldri blir for komfortabel med å forstå handlinga undervegs.

Eg hadde høyrt mykje bra om Kjærleikens kjøtere, men blei tatt litt på senga over kor komplett denne kjennest, kor godt han brukar tida og held seg sjølv i live over to timar, utan å faktisk ha så mykje anna enn forholdet mellom tre vidt ulike menn langt unna allfarveg å styre med.

Kjærlighetens kjøtere 1995 plakat - Filmdagbok