Klaus

Film / 2019
4/5

Klaus fortel ei historie om korleis julenissen blei til. Han brukar mykje humor for å få det til, men er også seriøs og rørande på dei rette stadene.

Filmen har stilig animasjon og haldt eit høgare nivå enn eg hadde forventa. Eg såg for meg at ein animert julefilm frå Netflix skulle bli middelmåtig på sitt beste, men tykkjer at denne leverer eit meir vellaga produkt enn mange av dei vanlege filmane frå straumetenesta.

Det handlar om ein postmann som blir stasjonert langt nord. For å komme heim igjen må han få innbyggjarane til å sende nok brev. Når han oppdagar at ein kvitskjegga mann vel å gi ei leike til barnet som ved eit uhell har sendt han eit brev, så ser postmannen moglegheitene. Han får fleire barn til å sende brev til den kvitskjegga mannen. Og sånn byrjar ei original myte om julenissen.

Filmen traff godt med sin direkte humor og artige detaljar. Han var ikkje kjedeleg eit sekund. Der det ikkje var humor, var det godt alvor som bygde opp under historia. Klaus er ein film eg varmt kan anbefale.

Klaus 2019 plakat - Filmdagbok