Knocked Up

Film · 2007 · · 8. september 2007
4/5

Judd Apatow har gjort seg notert med seriar og filmar dei siste årene. I år er han meir aktuell enn nokon gang, som produsent for Superbad og regissør for denne filmen.

Knocked Up er eit romantisk og komisk drama om to svært ulike folk som blir fulle og etter eit effektivt eingongsligg har skapt eit nytt liv. Uønska. Trass i forskjellen, både innan karriere, livsstil og medvitet for sitt eige utsjånad, gir dei eit forhold ein sjansen.

Den einaste kritikken eg har høyrt omkring filmen har komme frå folk som ikkje skjønnar korleis ei så pen jente kan finne på å ha seg med, og iallfall ikkje prøve å danne eit forhold med ein rufsete bamse som Seth Rogen spelar. Tull og overflatisk tenking seier eg. Knocked Up er lagt opp på ein annan måte enn å bli vurdert slik. Noko som kjem klart fram i både val og behandling av temaet, graviditet. Vidare kan eg sjå at dei velkjente stereotypane frå komediesjangeren blir utfordra, men likevel bevart. Resultatet er ein film som verkar meir reell, men samtidig er ein god og ekte komedie utan å bli tragikomisk.

Som det kjem fram her er eg meir ute etter å forsvare enn å kritisere filmen. Gjennom dei siste månadane har eg blitt ganske så glad i anna arbeid som Judd Apatow har bidratt med, både som skapar, regissør og produsent. Difor kjenner eg òg igjen fleire av birollene her, som gjer at filmen skapar sin eigen dimensjon. På mange måtar er han eit samlepunkt for desse folka, med fleire vitsar for dei innvia, utan å gå på rekning av et generelt publikum.

Eg ser ingen grunn til at denne filmen ikkje skal vere god for andre heller. Forvent berre ei litt anna og kanskje litt meir seriøs behandling av komedien som underhaldningsfilm.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Knocked Up 2007 plakat - Filmdagbok