Kôkaku Kidôtai

Kôkaku Kidôtai er ein actionfylt, og også kort, animefilm. Vanlegvis føretrekk eg å sjå anime på originalspråket, og heller ha undertekstar til, men her blei det til at eg så med den engelske talen. Det gjekk for så vidt fint, med unntak av at stemma til Major Motoko Kusanagi kunne bli litt lite engasjerande når ho snakka samanhengande over lengre tid.

Elles er filmen meir enn eg hadde håpt på, ettersom eg har sett ein halv episode av serien Kôkaku kidôtai: Stand Alone Complex tidlegare, ein serie som ikkje engasjerte meg så mykje. Her blir eg servert ei historie som eg kan forstå, og ikkje altfor mykje teknologisk dilldall.

Eg vil avslutte med at eg har fått smaken for å sjå oppfølgjaren, noko dei som har sett Kôkaku Kidôtai kanskje vil forstå. Men han er 20 minuttar lenger, så eg får håpe at han held same nivå gjennom heile filmen som denne gjorde.

Kôkaku Kidôtai 1995 plakat - Filmdagbok