Kopps

Kopps er ein svensk politikomedie av Josef Fares, med Fares Fares og eit par–tre andre artige svenskar. Josef Fares og Fares Fares samarbeidde i 2000 med Jalla! Jalla!, ein film som Kopps er fullt på høgde med.

I Kopps blir politistasjonen på ein liten stad trua med nedlegging grunna lite kriminalitet. For å ikkje miste jobben set politifolka der i stand krimininalitet sjølv, eit prosjekt som tek litt for godt av.

Dette er først og fremst hysterisk, men ved ettertanke kan det også bli sett på som god kritikk mot det offentlege. På fleire måtar. Politiet er viktig, og eit godt politi som kan straffe vil hindre kriminelle i å utføre kriminalitet. At politiet ikkje trengs sjølv om ein tettstad er fredeleg blir feil. Men heile saka her kan også bli sett på som at det offentlege berre er nødvendig fordi dei sjølv skapar problema og dermed skapar behovet for seg sjølv.

Kopps har bra skodespelarprestasjonar, eller svært passande skodespelarar i rollene. Både Josef Fares og Fares Fares imponerer, og dei andre svenskane bidreg også mykje.

Kopps er ein svensk film frå 2000-talet som både held seg godt og som bør bli sett. God film.

Kopps 2003 plakat - Filmdagbok