Krull
Krull blandar tradisjonell science fiction og fantasi som i romvesen og mellomalder. På toppen har me eit typisk Super Mario-plot, med ei prinsesse som blir kidnappa og må bli redda frå eit skummelt slott.
Eg er generelt sett ikkje så stor fan av fantasifilmar frå 1980-talet. Men eg er glad i science fiction. Og Krull leverer trass i låge forventingar bra. Med unntak av ei handfull lange sekvensar med action- og spesialeffektar som med fordel kunne ha blitt halvert, er det passe spennande og eit fint driv i filmen.
Det går sånn sett ned, men er ikkje minneverdig.
