Kûki ningyô

Film · 2009 · · 12. mars 2010
4/5

Nokon spesielle, men sjarmerande filmar har det i blant med å dukke opp frå Asia. Kûki ningyô eller Airdoll handlar om ei oppblåsbar dukke som blir levande, får ein personlegdom og blir forelska.

I det ho på ein slags måte blir etter menneske, kjem også mange andre inntrykk, opplevingar og lærdommar. Filmen tar for seg heilt vanlege sider ved det å vere eit menneske, og ser på det gjennom auga til nokon som dette er heilt nytt for.

Det er både poetisk og sårt, og med ei svært sjarmerande ung kvinne i hovudrolla som spelar strålande.

Regissøren Hirokazu Koreeda veit kva han skal spele på for å stikke djupt der det gjelder. Han står blant anna bak ein av dei vondaste filmane eg har sett, Dare mo shiranai. Og med Kûki ningyô evnar han å bruke denne emosjonelle kunnskapen i lag med ein sprø dramakomedie basert på ein manga.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Kûki ningyô 2009 plakat - Filmdagbok