Kumonosu-jô

Film · 1957 · · 25. februar 2020
3/5

Kumonosu-jô er ein film av Akira Kurosawa som er basert på Macbeth av William Shakespeare. Han handlar om ein samurai som rir gjennom ein forheksa skog. I skogen møter han ei heks, som fortel han at han først vil bli forfremja til å styre over ein herregard. Og snarleg etter det til å styre eit slott. Så fortel heksa til den andre mannen i reisefølge at sonen hans til slutt vil ta over styringa av slottet.

Den første mannen tenker ikkje så mykje over spådommen, før han blir forfremja til å styre over herregarden. Etter det byrjar han å tenke meir og meir på spådommen, og kona hans gjer ikkje saken betre når ho set grillar i tankane hans. Etter kvart blir han heilt oppslukt av spådommen.

Kumonosu-jô har ei god historie som gjer filmen god. Måten han blir fortalt på er litt forvirrande. Eg skal på ingen måte legge skjul på at eg ikkje er så trent til å sjå japansk film frå denne perioden. Men eg kan sette pris på å måtte bryne meg litt ekstra, sjå koplingane og tolke meg fram til kva som skjer på det mest uforståelege.

Dette er ikkje den beste filmen av Akira Kurosawa eg har sett, men likevel ei god filmatisering av William Shakespeare. Engelsk tittel er forøvrig Throne of Blood.

IMDb-logo
Kumonosu-jô 1957 plakat - Filmdagbok