Kung fu

Film · 2004 · · 19. juni 2005
4/5

Den første gangen eg såg Kung fu så kunne eg ikkje stoppe å le i enkelte scener. Dette måtte vere den mest morosame filmen eg har sett, iallfall i år.

Denne gongen derimot, så hadde mykje av magien forsvunne. Filmen er framleis god, men enkelte scener vart litt dryge. Eg er faktisk litt skuffa over den dårlege gjensjåingsverdien og hadde rett og slett sett fram til noko betre. Men har du ikkje sett filmen, så er det gode minuttar som ventar ved førstegongsvisinga.

Det er så fullt med spesialeffektar utanom det sannsynlege som du ikkje hadde venta å sjå i ein film. Som ei scene der husvertinna jagar vår hovudperson Sing i Bippe Stankelbein-stil. Kwok-Kwan Chan, som er ansiktet til Brother Sum her, er ein fryd å sjå som heilsprø gjengleiar, med eit smil som kan skremme den vante narkomane av stoffet.

Historia hoppar me glatt over. Det er ikkje historia som er viktig, men heller alt det andre sprø som skjer, som dei rå dataanimerte slåstscenene. Eg hadde visst ikkje gått lei av slik animasjon likevel, som eg lurte på i eit anna innlegg ganske nyleg.

Sleng på hustle, og du har den engelske tittelen Kung Fu Hustle, som filmen også er kjent som.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Kung fu 2004 plakat - Filmdagbok