Kung Fury

Kung Fury er ein svensk kampsportkomedie og actionfilm, finansiert på Kickstarter og med eit sabla godt lydspor. Filmen finst i skrivande stund i sin heilskap på YouTube, lovleg og alt det der.

Det er ei fin blanding av actionsekvens etter actionsekvens , med ein tynn raud tråd som går ut på at vår helt Kung Fury skal kjempe mot Hitler. Visuelt sett og på lydsida er dette sprekt som få. Eit bra tempo, action og innhald som fungerer godt både som hyllest og sjølvstendig, utgjer ein god halvtime.

Den korte lengda er også ein av grunnane til at dette går. Hadde det vore berre litt daudtid her, så hadde det fort kunne rakne.

Kung Fury er verken original eller særleg fyldig på god historie, men han er topp på det han prøver mest på, som er alt ting sprekt og klisje med film frå 1980-talet. Moderne retro frå 1980-talet altså. Med musikk av herlege Mitch Murder og Lost Years. Og med David Hasselhoff.

Kung Fury 2015 plakat - Filmdagbok