Kurenai no buta

Film · 1992 · · 5. februar 2008
4/5

Ein trylleformular har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bustad under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid.

Filmen tar overraskande lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso, tidlegare Marco, men dreiar meir innpå eit enkelt tidsrom der flyet hans blir smadra og han sidan skal duellere med ein amerikansk luftpirat.

Handlinga er enkelt og greitt spennande nok, med hav, øyer og luftig animasjon er det også godsaker for auga her. Eg saknar meir historie rundt personen Porco Rosso, elles tykkjer eg det er heilt greitt.

Filmen er også kjent som Porco Rosso.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Kurenai no buta 1992 plakat - Filmdagbok