Kurt blir grusom

Film · 2008 · · 3. november 2008
4/5

Kinodagen kom brått på meg, det vart berre med denne eine filmen, men for ein film. Til å vera enkel animasjon imponerte han med sitt visuelle uttrykk. Han har sjarm, gjennomførd stil og ei historie som verka å gleda små born som vaksne.

Kinosalen var full av smårollingar med foreldre. Her er nok av vaksen humor som krev meir enn ti år på nakken for å forstå i tillegg til underhaldning for barna. Ei anbefaling.

Kurt blir grusom 2008 plakat - Filmdagbok