Kyle XY (2006–2009)

Serie / 22. juli 2013
3/5

Kyle XY starta som ein sommarserie i USA. Serien gjekk to somrar og blei sidan utvida og forflytta til vinterhalvåret.

Det handlar om Kyle. Eit eksperiment og ein ekstraordinær person med spesielle evner og høg intelligens. Første sesong handlar om Kyle sin søken etter opphavet sitt. I første episode vaknar han opp utan minne i skogen, og etter kvart lærer han at han er utanom det vanlege.

Det viser seg at Kyle ikkje er helt normal. Hjerneaktiviteten er fleire gonger større enn det som ville gitt eit vanleg menneske hjerneslag. Han er ein meister i å rekne og lære nye ting.

I tillegg til jakta på fortida til Kyle handlar serien om tilpassinga hans til samfunnet. Enkle saker som alle andre tar for gitt stiller han spørsmål til. Heldigvis ikkje til alt som skjer rundt han, det kunne blitt kjedeleg. Fyren er jo også smart.

Ved sidan av dette er Kyle XY eit familiedrama. Fosterfamilien til Kyle spelar nok den viktigaste rolla i serien, og det blir tidt og ofte preika om moral. Kjærleiken renn i strie straumar og ingen utmerkar seg som spesielt gode skodespelarar. Slik er det ofte med amerikansk sommar-tv.

Mystikken er fin. Serien er lett fordøyeleg og med god stemning. Serien heng godt saman og svarar på dei fleste av spørsmåla som blir stilt. Første sesong kan godt sjåast åleine, sjølv om slutten opnar for ein ny runde.

Både andre og tredje sesong, som eg nyleg så etter fleire år med pause, følger fint opp med kvar sin store historie.

Det er tråden gjennom serien som fengjer. Søken etter svar og nye eigenskapar ved Kyle som dukkar opp. Serien minnar meg om Smallville på denne måten. Tenåringstrøbbel er inkludert i det store bildet her også.

Det er som forventa ein stor porsjon familiedrama innblanda. Serien gjekk på ABC Family. Det er difor nok av lærdommar, all verda med små problem som blir analysert til tusen og slike klisjear.

Kyle er kritikkverdig som hovudperson. Han skal vere supersmart, men endar ofte opp med å ofre seg sjølv. Mangel på respekt for sitt eige liv er eit minus.

Humoren er viktig for Kyle XY i lengda, og gjer seg godt i lag med science fiction.

Kyle XY 2006-2009 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

ABC, ABC Family

Skaparar

Eric Bress, J. Mackye Gruber

Skodespelarar

Matt Dallas (I), Marguerite MacIntyre, Bruce Thomas (I), April Matson, Jean-Luc Bilodeau, Chris Olivero, Kirsten Prout, Jaimie Alexander, Nicholas Lea, Chelan Simmons

Sjangrar

Drama, Mysterium, Science fiction

Land

USA, Canada

IMDb

IMDb-side om Kyle XY

Forfattar