La cité des enfants perdus

For dei som har sett Delicatessen, så er det lett å kjenne igjen stilen til filmen. Den spesielle fargetoninga i filmen er laga ved at skodespelarane blei sminka kvite og fargen blei stilt nok til at kroppen igjen fekk ein vanleg hudfarge.

I eit framtidig Frankrike, i ein surrealistisk by, blir barn kidnappa av ein mann, Krank, som ikkje kan drøyme. Målet hans er å kunne drøyme dei same draumane som dei via ei maskin viss namn er usikker.

Det ikkje fullt så pene utsynet til Krank skapar derimot eit problem, og alle barna får mareritt framfor gode draumar. Samtidig blir Denree kidnappa, ein liten gut med ein ustoppeleg appetitt. Han er One (1) sin adopterte veslebror, og One blir difor frå seg når han blir borte. På jakt etter veslebroren møter One Miette, som viser seg å vere nødvendig for å utrette noko i leitinga. Miette er berre barnet sjølv, men er likevel smartare enn velvaksne One.

Filmen byr på velkjente grep frå andre Jean-Pierre Jeunet filmar, i form av sju ulike versjonar av Dominique Pinon. Ei scene der ein faktor utløyser ei kjede med andre hendingar som endar opp igjen ved starten, noko på lik linje med sjølvvmordsforsøket i Delicatessen.

Og fransk musikk, som trekkspel og lirekasse. Bildet er fylt til randen med detaljar, og eg kunne sikkert sett han opp igjen og opp igjen for alltid å sjå noko nytt. Ting som ei mus med ein magnet knytt til kroppen for å plukke opp ein nøkkel og eit insekt som lystrar etter musikken frå ein lirekasse kan ikkje få meg til å unngå å trekke på smilebandet.

La Cité des enfants perdus har tydelegare eit høgare budsjett enn Delicatessen, og handlinga flyttar seg frå ei gammal oljeplattform til mange stader nær hamna i den franske byen som historia går for seg i. I motsetning til Delicatessen som heldt seg stort sett i eit bustadkompleks og under jorda. Det har til og med blitt brukt dataanimasjonar her, men i så liten grad at det ikkje blir det eg legg merke til.

Med alt dette er det ingen problem for meg å sei at eg likte filmen. I verste fall kan det ha vore for mykje å gripe tak i til tider, men det gir berre ein god grunn til å sjå filmen ein gong til. For dei som har lyst å sjå denne, så vil eg anbefale å vere godt vaken undervegs, for her er det ikkje råd å falle av lasset.

La cité des enfants perdus 1995 plakat - Filmdagbok

Dato

16. juni 2006

Forfattar


Skodespel

Ron Perlman (I)Daniel EmilforkJudith VittetVis alle

Alternativ tittel

The City of Lost Children

Sjangrar