La délicatesse

Film · 2011 · · 21. september 2016
4/5

La délicatesse er ein film verdt å skryte litt over. Valet av den sentrale mannlege rolla er både sjakktrekket og nødvendigheita for å gjere historia truverdig.

I mange romantiske komediar som spelar på fysiske motsetningar, det konvensjonelle pene og mindre pene som møtes, så er strengt tatt begge partar flott utsjånad menneske. La délicatesse brukar ein mindre konvensjonelt pen mannleg skodespelar som den flotte Audrey Tautou gradvis blir tiltrekt mot.

Heile filmen handlar så og sei om kva andre meiner er bra eller godt nok, spesielt på vegne av karakteren til Audrey Tautou. Dei fleste vennene hennar skjønner ikkje kvifor ho er med ein så snodig fyr som Markus, spelt av François Damiens. Men Markus er ein bra fyr, og sjølv om filmen spelar ein del på det overflatiske då dette er utgangspunktet for mykje av friksjonane i handlinga, så stikk det djupare enn som så.

Det eg likar er korleis La délicatesse spelar på kjente og kjære filmatiske grep, men har sine jordnære og fornuftige koplingar som drar det noko meir inn i det kvardagslege. Sjølvsagt likar eg at individualisme blir framstelt som positivt når karakterane stolar på at sine eigne vurderingar er best for seg, og det gjer utslag.

La délicatesse er ein god film du trygt kan sjå om du likar dei litt lettare franske filmane.

La délicatesse 2011 plakat - Filmdagbok