La famille Bélier

Paula er den einaste i sin familie som ikkje er døv. Dette legg ein del press på hennar rolle som døvetolk på vegne av foreldra i mange situasjonar.

I La famille Bélier må Paula styre med familien, kjærleik og oppdaginga av å ha ei god songstemme som ho igjen vil gjere noko utav.

Filmen er eit lett drama og ein lystig komedie. Noko romantikk, men ikkje mykje, og nokon nydelege musikalske innslag, er resten av det som utgjer denne franske filmen.

Til ei viss grad likar eg filmen og set pris på han. Det største minuset er at han ikkje stikk djupt nok, men eg synest ofte han er morosam, og har eit bra rollegalleri kor spesielt familien til Paula byr på mange komiske situasjonar.

La famille Bélier 2014 plakat - Filmdagbok