La Haine

Film · 1995 · · 29. oktober 2007
4/5

Opptøyar i ein Paris-forstad. Knappe to år har gått siden slike samanstøyt skjedde sist. Filmen har såleis noko i nær tid han kan bli knytt til for oss relativt unge.

Det heile har sitt utgangspunkt i politivald som fører til at ein ungdom med arabisk familiebakgrunn hamnar i koma. Inspirasjonen til denne delen av historia har Mathieu Kassovitz, regissør og manusforfattar, sagt at kjem i frå ei sann hending, men kan trekkast til fleire.

La Haine, eller Hatet, følger ikkje denne ungdommen, men brukar det som grunnlag til å skape ein situasjon der me følger tre venner som brusar over av aggresjon mot politiet og systemet, i ei tid med opprør i regi av etniske grupper. La Haine er likevel ingen Lasse & Geir i samfunnskritikk. Han er blodig seriøs i meining og framstilling, forutan vennskapeleg moro. Vennene i La Haine har det med å vere store i kjeften og vere til stades på feil plass til feil tidspunkt, noko som er mange plassar og ofte når forstaden kryr av politi.

Brutaliteten og den rå kvardagen som følger i eit bråkete forstadsmiljø får sin eigen tone med svart-kvittfoto, eit spesielt val når filmen ikkje er nokon lågbudsjettsproduksjon. Filmen blei filma i fargar, så valet låg fullt og heilt på Mathieu Kassovitz under redigeringsprosessen.

Vennskapen hovudkarakterane i mellom er ingen idyll eller eksempel på at ein tøff situasjon fører dei tett saman. I stil med resten av filmen er det ikkje overdramatisert eller med det kjente uunngåelege lyset i enden av tunnelen. La Haine følger sin eigen rytme i skildringa av 24 timar i livet til desse ungdommane, der sekvensane har til felles at dei er godt laga uansett gangen i handlinga. Han kan kort bli oppsummert som stabil.

Eit eller anna med La Haine gjer at han aldri blir den ultimate filmen for meg. Om det kjem av karakterdjupn, gangen i handlinga eller rett og slett er fordi dette kan vere typen film som veks på meg etter kvart som han får litt tid på seg i skolten, veit eg ikkje. Eg vel i positiv ånd å tru på det siste, men gir likevel ein karakter her avsluttingsvis basert på inntrykket mitt i notida, kort tid etter å ha sett filmen.

La Haine 1995 plakat - Filmdagbok