La jetée

Film · 1962 · · 12. oktober 2011
3/5

La jetée blir sagt å vere filmen som Twelve Monkeys har henta inspirasjonen sin frå. Me har her ei historie som handlar om å reise i tid, for å redde verda. Filmen er meir ei samling av bilde med bakgrunnsmusikk enn enn spelefilm.

La jetée har sitt opphav i Frankrike tidleg på 1960-talet, som er med på å forklare kvifor dette er ein så rar sak som han er. Denne perioden var stordomstida for spesielle franske filmar, og mykje kjedeleg kom frå denne tida.

Som eg er inne på innleiingsvis er koplinga til Twelve Monkeys hovudårsaka til at eg såg filmen og det er også hovudårsaka til at eg held interessa mi stort sett gjennom den heile halvtimen filmen varer.

Ver førebudd på at dette er spesielt, sjølv om tematikken og den underliggande historia er god.

IMDb-logo
La jetée 1962 plakat - Filmdagbok