La passion de Jeanne d'Arc

Film / 1928
3/5

Kva skal eg skrive om La passion de Jeanne d'Arc? Mykje av filmen er nærbilde av ansiktet til Maria Falconetti. Ho er fantastisk flink på å uttrykke seg, og det er stilig å sjå på.

Filmen handlar i stor grad om rettssaka til Jeanne d’Arc. Det er ein stumfilm, så det betyr ein del tekstplakatar. Og mange bilder som skal vise kjensler og andre reaksjonar. Eg var spent på korleis ein stumfilm om ei rettssak kunne fungere. Og sjølv om det i blant gjekk litt trått, fordi det tar tid å komme inn i rytmen til ein stumfilm når eg berre ser det sjeldan, så tykte eg at La passion de Jeanne d'Arc fungerte godt.

Ein annan sak eg blei imponert over var den gode bildekvaliteten. Dette er sylskarpt og bildet har lite støy. Det er nok den beste bevarte og oppussa stumfilmen eg har sett nokon gong. Musikken er av nyare tid, og er god, men einsformig. Det er med å bidra til at filmen blir einsformig i lengda. Og sjølv med sine 80 minuttar så blei det for lenge for meg.

Eg er glad for endeleg å ha sett filmen. Det er noko eg har tenkt på i mange år. Han levde nok ikkje opp til forventingane. Men det var fint å ha sett prestasjonen til Maria Falconetti.

  • La passion de Jeanne d'Arc 1928 plakat - Filmdagbok
  • La passion de Jeanne d'Arc 1928 plakat - Filmdagbok