La petite Lili

Film · 2003 · · 15. september 2016
3/5

I denne franske filmar møt me ein ung filmskapar, ei ung kvinne og ei gruppe menneske på ein feriestad.

Det handlar om at den unge filmskaparen skal visa ein film, men han toler ikkje kritikken til mora si, som er ein kjent skodespelar. Dette er berre overflata av problema han tydelegvis slit med.

Filmskaparen og ei ung kvinne, spelt av Ludivine Sagnier, er både eit par og har samarbeidd med filmen hans. Når ho fattar interesse for ein eldre filmskapar som er i lag med mora til den unge filmskaparen, aukar berre dette på usikkerheita til den unge filmskaparen.

Dette dramaet freistar å tilnærma seg psyke på ein måte som minnar om Ingmar Bergman. Miljøet til filmen bygg på dette inntrykket og ei idylliske kystperle. Bruken av karakterar med tilknyting til filmmiljøet minner dessutan litt om filmane til Federico Fellini.

Det er ein grei film, men han tek aldri heilt av. Mogleg at det ikkje er kva han prøver på heller, men for meg vart det noko langsamt etter kvart. Og den avsluttande delen til filmen som skal gje ei oppklaring vert eit hopp i tid, der eg heller skulle ynskje tida var brukt på å utdjupa tida då problema oppstår.

Filmen heiter Little Lili på engelsk.

IMDb-logo
La petite Lili 2003 plakat - Filmdagbok