La planète sauvage

Film · 1973 · · 20. mars 2011
4/5

Den korte og animerte La planète sauvage er eit flott stykke science fiction. Han fortel ei spennande historie om menneske som slavar av overlegne romvesen i ei fjern framtid i ein fjern galakse.

Med ein storleik mindre enn fingrane til meistarane sine er menneska, kalla om, i La planète sauvage, eller Fantastic Planet, underlegne. Både teknologisk og med tanke på deira mentale krefter er det ei historie om undertrykking me blir kasta inn i.

Mytologien til omane og traagane fyll ut filmen og gir inntrykk av ein meir omfattande historikk enn det som blir rukke fortalt i løpet av filmen sine 70 minuttar. At filmen har god framdrift og ei engasjerande handling gjer at den enkle stilen ikkje betyr alt. For min del tilfører den særeigne teiknefilmstilen ei stemning til filmen som gjer at eg lettare kan akseptere at dette skal vere fjernt frå verda vår. Dessutan er det ingenting å utsetje på kva som blir gjort med dei statiske teikninga.

La planète sauvage er del av ein science fiction-toppliste som opna horisonten min for mange varierande, gode og spesielle science fiction-filmar. Filmen passar godt inn på ei slik liste, for dette er ein god teiknefilm.

La planète sauvage 1973 plakat - Filmdagbok