La Science des rêves

Film · 2006 · · 31. januar 2007
3/5

Michel Gondry står bak denne filmen, som er ei vanskeleg kjærleikshistorie som hoppar saumlaust frå realisme til surrealisme. Det høyres kanskje forvirrande ut, men flyten her er god.

Stéphane (Gael García Bernal) er mannen med dei rare draumane som utgjer den surrealistiske sida av filmen. Dei er ikkje alltid lett å skilje frå det som tilsynelatande skal vere ekte, for Stéphane oppfører seg litt annleis enn det folk vanlegvis gjer i andre sitt selskap. Noko som går igjen i dei tydelegaste skildra fantasiane er punktfotograferte figurar av alt frå dorullar til tøy fylt med mekanikk.

Dei som har sett Eternal Sunshine of the Spotless Mind kan forstå dette som ein film der Michel Gondry har fått lov til å utfolde seg i mykje større grad på det kunstnariske, utan at det går ut over underhaldninga. Filmen er ikkje tung å fordøye, han er også både lys og koseleg. Sjølv synst eg den var tvers i gjennom ei god blanding av trist drama og god humor, og han har fleire scener som rett ut var hysterisk morosame. Det er alltid positivt når eg kjem over ein film som kan vere det.

Filmen heiter The Science of Sleep på engelsk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
La Science des rêves 2006 plakat - Filmdagbok