Labor Day (2013)

Film / 17. mars 2016
3/5

Labor Day er et stemningfullt fint drama, men vanskeleg å vurdere og plassere på grunn av et uklart grunnlag.

Tatt oppbygging, skodespel, formidling av kjensler, visuell og audiovisuell tone til vurdering, så har eg lite å utsetje på dette periodedramaet sett til 1987.

Det er i historias tilsløring av en diskutabel situasjon og uklar fortid eg opplever at filmen ikkje når meg. Her er det eit gap mellom det eg tolkar som en oppmaning til tilgiving, og mitt eige verdigrunnlag. Filmen prøver å vere ettergivande og avstå frå fornuft, og framstiller dette som meir menneskeleg enn ideen om at kriminelle handlingar har konsekvensar.

På alle desse områda går filmen rundt grauten, og prøver på sin måte å skape en diskusjon, og å manipulere sjåaren ved å framstille offer som delvis skyldig i sin eigen skjebne.

Dette er eit drama, det er fiksjon, og det derfor fritt fram for tolking. Eg kan fylle historias hol med mine idear. Så poenget mitt er heller at eg ikkje har sansen for ein film som blant anna prøver å rasjonalisere en forbrytars motivasjon.

Dette var for meg den interessante delen av Labor Day å ta opp. Utover dette likar eg mange av filmens scener og stunder, sett på i avgrensa forstand. Dessutan likte eg godt filmens epilog, som er verdt å nemne. Epilogar er gjerne ein del av filmar eg kunne tenke meg å stå over, men her byggjer heile filmen seg opp mot det som blir en ønskeleg avslutting.

Labor Day 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

Jason Reitman

Manus

Jason Reitman, Joyce Maynard

Skodespelarar

Kate Winslet, Josh Brolin, Gattlin Griffith, Tobey Maguire, Tom Lipinski, Maika Monroe, Clark Gregg, James Van Der Beek, J.K. Simmons, Brooke Smith

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Labor Day

Forfattar