Ladri di biciclette

Film / 1948
4/5

Ladri di biciclette er ein film eg skammar meg over ikkje å ha sett før, då han er ein ganske viktig film for den italienske neorealismen – og eg har vore klar over det.

Sant skal seiast så har eg ikkje sett noko til dei tidlege filmane i den franske bølga heller, så det er nok av materiale å oppdatere seg på. Men der i motsetning til her har eg eigentleg aldri vore klar over nokon spesielle titlar eller namn.

Møte med Ladri di biciclette var eit etterlengta eit fordi det har seg slik at eg har sett slutten på denne filmen tidlegare. Her kjem desperasjonen fram på tydeleg vis utan at spora på dei mildare komiske innslaga forsvinn heilt. Dette er kjenneteikn for filmen i si heilskap, som eit viktig tilskot til den italienske neorealismen er temaet dei harde levekåra til ein enkel arbeidar i eit etterkrigsprega Roma.

Skildringa er brutal og det blir ikkje gjort noko forsøk på å skape ein lykkeleg historie. Heldigvis for ein filmsjåar som meg, mindre glad i den absolutte kalde og triste filmen, er det nokon flotte innskot av lun humor i form av ein barnleg og spontan gutunge – sonen til mannen med sykkelen – som i likskap med dei andre amatørskodespelarane i filmen passar inn bra.

Ein og ein halv time går fort unna og den enkelt fortalte handlinga held seg frisk og fin frå ein ende til annan. Dette var så fornøyeleg at det einaste eg veit å utsette noko på var ufullstendig teksting på DVD-en.

Ladri di biciclette 1948 plakat - Filmdagbok