Lady and the Tramp

Film · 2019 · · 25. desember 2020
3/5

I det eg såg denne hadde eg framleis til gode å sjå teiknefilmen Lady and the Tramp frå 1955. Men eg hoppa i det likevel, og teiknefilmen får bli å sjå seinare. Og sjølv om eg ikkje har sett han, så kjente eg passe godt til historia, som eg såg fram til å endeleg få servert i ein samanheng.

Lady and the Tramp frå 2019 er ein god film, om hundar, hundeliv, snakkande dyr og uføresett romantikk. Lady er den kvinnelege hunden i ei slags hovudrolle, og me følgjer ho frå ung av. Så ein dag møter ho ein gatehund utan namn, som ofte blir kalla Butch eller Tramp. Han lirer av seg mykje av erfaringane han har gjort, sin livskunnskap kan eg sei. Og det er ikkje noko Lady nødvendigvis tar for god fisk med ein gong. Det er først når ho opplever vanskar i heimen at orda til Tramp får styrke.

Med sine nesten to timar er dette ein film som tar seg god tid i alle ledd til å fortelje denne historia. Men det er gjort på ein god måte, så dette er ein film eg kunne setje meg godt tilrette i og berre ta til meg det som kom. I godt tempo. Utan at filmen var for tydeleg på kor langt ut i speletida eg var komme. Og det er ei god filmoppleving å vere del av, når tiden forsvinn litt.

Sjølv om det er mykje bra her, så er det eit lite stykke igjen til topp. Det er film som behandlar tematikken sin på eit litt for enkelt vis, så eg blir ikkje rive med i dramatikken eller romantikken. Men det er heller ikkje som at eg kjedar meg, heller det motsette.

Les ei anna melding på serienytt.no.
Lady and the Tramp 2019 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Tessa ThompsonJustin TherouxSam Elliott (I)Vis alle

Sjangrar

Land