Laggies

Ei ung vaksen kvinne ønsker ikkje å gi slepp på den ansvarsfrie ungdommen i seg. Vennene hennar er allereie gifte eller gravide, mens ho sjølv ikkje heilt er komme i gang etter endt utdanning.

Inn i livet hennar kjem ei ny venninne i high school-alder, og hennar nettverk og familie. Og vår hovudrolle byrjar her ei slags coming of grown age-reise, eller i det minste finne seg sjølv og ikkje la seg styre av andre forventingar til kva å bli vaksen skal vere.

Det eg likar med Laggies er at han ikkje prøver å ta ting ut i det ekstreme, men heller ikkje gir avkall på å vere ein komedie. Samtidig er det ein film om vennskap og delvis om individualisme. Sjølv om hovudrolla ikkje nødvendigvis er den mest rasjonelle personen, har eg sansen for poenga til filmen om at det er viktig å finne verdiar i andre som du har sjølv.

Eg legg ikkje for mykje i Laggies. Det er ein film som glir forbi, og verken stikk for djupt på eine sida, eller kjedar for mykje på andre. Filmen er god nok til å bygge karakterar, og det er nok det eg set mest pris på.

Laggies 2014 plakat - Filmdagbok