Land Ho!

Film · 2014 · · 5. januar 2015
3/5

Eit par tidlegare inngifte svograr reiser frå USA til Island på ferie og biltur. Dei var tidlegare gift med to søstrer. Dei er to ulike typar, eit godt utgangspunkt for ein litt snodig komedie.

Land Ho! handlar forutan alderdom, vennskap og motsetningar om å bryte ned igjen veggane som tid kan skape mellom to personar. Dette er den meste interessante delen av det personlege aspektet ved filmen.

Ettersom dette elles også handlar om Island og biltur, så er det på sin plass å nemna at filmen både ser pen ut, og kan spele på likskapane mellom islandsk natur og kjenslene til dei sentrale rollene i filmen.

Land Ho! tar aldri helt av. Til det har eg for store forventingar til innsikt som filmen ikkje oppfyller. Men det er ein kurant komedie og eit pent, tona ned drama.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Land Ho! 2014 plakat - Filmdagbok