Land of the Blind

Film · 2006 · · 13. august 2006
3/5

Politikk er ikkje mitt sterke felt, men noko har eg plukka opp gjennom tida. Land of the Blind omhandlar eit totalitært samfunn i overgangen frå konge til diktator. Her er det plukka opp og brukt referansar til dei kongelege i tidlegare hundreår, diktatorar i seinare tid og mykje anna som skulle passe godt inn i ein slik samanheng.

Mykje av det er i starten god politisk satire, og det blir gjort narr av både politikarar og andre.

Men filmen er ikkje berre morosam, han er faktisk sjeldan anna enn ei suppe av ulikt historie, arkitektur og kostymer. Ikkje sånn at det blir kjedeleg, innimellom er det stunder som blir ganske interessante. Interessante og forvirrande, akkurat som i THX 1138.

Og hadde dei skifta ut Ralph Fiennes med Liam Neeson på slutten, så hadde eg ikkje merka det. Vel, det vart ikkje så mykje sakleg sagt omkring denne filmen her, men han er ikkje så engasjerande, og vil nok fort gå i gløymeboka over filmar som ikkje har gjort inntrykk på meg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Land of the Blind 2006 plakat - Filmdagbok