Land of the Dead

Film · 2005 · · 12. juni 2010
3/5

Dette er den fjerde Dead-filmen til George A. Romero. Den var hans første på 20 år då han kom.

Handlinga i Land of the Dead er lagt til Pittsburgh, som blir angripe av zombiar. Ein gjeng overlevande held til i eit område av byen som er verna av eit gjerde og ei elv.

Det går hardt for seg her, og det er blodig. Zombiane er blitt passe intelligente. I tillegg til den store mengda levande døde, så lar ikkje zombiane seg nødvendigvis stoppe av enkle, men solide barrierar.

Det blir ikkje heilt det same som dei gode gamle filmane, men eg tykte likevel at dette er underhaldande og uhøgtideleg, og at filmen treff godt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Land of the Dead 2005 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Simon Baker (I)John LeguizamoDennis HopperVis alle

Land