Land of the Lost

Film · 2009 · · 26. september 2016
2/5

Blant filmar med Will Ferrell i hovudrolla er nok Land of the Lost blant dei svakaste. Dette var eit inntrykk eg sett med på førehand, og ein grunn til at det har tatt meg så mange år å sjå filmen.

Men som fan av Will Ferrell og dermed open for å ta feil, og med eit lite mål om å ha sett alle filmane hans, gjekk eg i gang med Land of the Lost.

Og dette er sant og visst ein tåpeleg film med mykje idiot. Han er litt morosam, visuelt pen, men drar mykje litt for langt og manglar ei sterke kopling til karakterane sine undervegs. Ein stad ut i andre halvdel oppdaga eg også at eg har sett den siste delen av filmen før. At dette var gløymt på førehand seier litt.

Dette handlar altså om tre personar som hamnar over i ein annan dimensjon, kor alle tidsepokar er blanda. Fortid, notid og framtid i ein god miks. Desse tre må finne igjen ei maskin som karakteren til Will Ferrell har laga, for å komme seg tilbake til vår dimensjon. Ikkje utan utfordringar.

Eg likar premissane, men meiner at ein god eventyrfilm handlar meir om å skape spenning i eit spennande miljø enn det Land of the Lost gjer. Her er det gitt mykje merksemd til overflata til filmen, som det nemnde visuelle og små vitsar. Først på tampen klarar filmen å spele på det emosjonelle, og det i ei mikroskopisk mengde.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Land of the Lost 2009 plakat - Filmdagbok

Land